vintage / DIY / streetfashion / redesign

Interørstylist Krista Elvheim

2. juni 2015
Krista Elvheim er 35 år og jobber med Interiør/blomster, er stylist/fotograf og skribent for en rekke interiørmagasin og tv. EN GANG TIL samarbeider i disse dager med den dyktige dama i forbindelse med Fretexmagasinet som blr publisert høsten 2015 og stilte henne i den forbindelse noen spørsmål om arbeidet hennes og hvordan hun tenker gjenbruk i arbeidet sitt.

"Når eg jobbar med interiør og blomster er eg oppteken av stemningen og følelsar estetikk gir meg som menneske i ulike former og på ulikt tidspunkt. Dette kan vere i kunst, romopplevelse, god design, arkitektur, natur, mennesker og fargar. Brenn for kvardagsestetikk. I begrepet legg eg vekt på det vakre i det stygge der kontrastar er eit viktig

Gjennom utdanning og erfaring innanfor interiør, billedkunstfag, handtverk og blomster tenker eg at eg er svært heldig som kan jobbe med noko som er skapande og til inspirasjon for andre. Å skape er noko levande som kjem innafrå, det er fint at det eg klarar å skape kan vere til inspirasjon og glede for andre mennesker. Jobbar med hjartet mens hendene går av seg sjølv, dei er medhjelparane mine. Har utdanning innanfor billedkunstfag og handtverk i Steinerskulen og har drevet livsstilsbutikken Purpur som låg på Grünerløkka. Jobbar no som stylist/fotograf og skribent for ein rekke magasin og tv og gjer stylingoppdrag for bryllup og selskap.

Frå eg var barn hadde eg ofte fri tilgang på material som eg eg kunne skape noko av. I far min sin blomsterbutikk på vestlandet var eg i dagleg kontakt med jord, blomster og det organiske. På den andre sida av familien såg eg dagleg familien min jobbe med hendene då dei var skomakarar som dreiv skofabrikk og sydde Aurlandsko. Kan erindre måten bestefar min tok på rullane med skinn før han godkjende kvaliteten på skinnet og om den var god nok eller ei for å lage sko av. Eg forstår no som vaksen at kvalitet er nøkkelordet for eit godt produkt og ei god oppleving av estetikk. Eit godt produkt i alle estetiske former kan igjen gi andre  mennesker ei rik estetisk oppleving. Gode material står difor i fokus hjå meg.

Å skape spennande rom med fargar og kontrastar i både tekstur, materialbruk og former er givande. Estetikken står sjølvsagt i hovudfokus men funksjonalitet, materialbruk og lys er eit viktig nøkkelord for ein optimal romfølelse. Eit rom skal vere godt å vere i. Du skal ønske å tilbringe tid der saman med mennekser du er glad i. Eg likar å kombinere gamalt med nytt. Synest ofte gamle møblar osar litt meir kvalitet og historie. Når eg kombinerar ny design med gamal estetikk skjer det spennande møter i kontrastane og med ein dæsj redesign, organisk liv, deilige fargar og god funksjonalitet kan det oppstå magi!"

Og magi har oppstått i Kristas egen leilighet som er et herlig summarum av brukt, nytt, kuriositeter og klassikere.

bildeIMG 5373Løkkaloftet 9Løkkaloftet 1Jul Løkkaloftet 15W3A3990

EN GANG TIL, Thomas

Tilbake